unike opplevingar tufta på lokale råvarer, tradisjonar og den gode historien

Gamleposten 5444 

Øyfolket på Espevær har alltid stått saman, havet gir og havet tar!

Sjurina Mehus hadde trong for å forsørga familien sin og fekk postopneriet og medisinutsalet på Espevær i 1919. Seinare overtok sonen hennar Kristian drifta av posten. Borna på Espevær identifiserte Kristian med posten, så dei fleste av oss trudde han heit Postian. Husa i garden har delt mange løyndomar og kunne fortalt mange historiar. Kristian var ein mann som heldt på løyndomar. Me veit det frå veggane som har kviskra det til oss. Om han visste om folk hadde det vanskeleg, la han til side rekningar og ordna dei frå si private lomme, han hadde stor omsut for alle kundane sine. Her i garden låg postkontoret først i hovedhuset, så i kårhuset fra 1947. I 1981 var det slutt på postdrift i garden, då  Espevær fekk nytt postkontor.  Mange har minner frå desse husa, det er hus som har tatt verden til Espevær med brev, aviser og pakkar. Me gler oss veldig til at øyfolket og tilreisande gjester igjen kan opna dørene til dei gamle husa. Her skal dei kjenne på tida som var, men også på tida som kjem. Gjennom gode smakar og godt selskap skal me løftast ut av kvardagen. Me gler oss til gjestebod! 

 

Husfar og husfruene

Silje, Rollaug og Torstein er sysken og oppvaksne på Espevær. Heimplassen sin har dei alltid vore sterkt knytta til. Dei starta firmaet Gamleposten5444 hausten 2015,  og kjøpte det gamle tunet i Garden i november 2015. Her skal dei saman skapa ein stad der ein kan ete på Espevær. Gamleposten skal vera ein serveringsstad med kortreiste smakar og gode historiar. Visjonen er tufta på lokale tradisjonar og smakar, lokal historie og ekte matglede. Me gler oss til å ha dykk alle som gjester!

Silje Hatlevik Urang flytta heim til Espevær igjen for 13 år sidan, og bur der saman med mannen Tommy og 3 born. Dei har bygd hus på Svartesjøen. Ho jobber til dagleg som lærar ved Espevær Skule. Silje er engasjert i bygdeutvikling for lokalsamfunnet på Espevær, og har alltid hatt ein draum om å ta del i noko som kan vera verdiskapande for Espevær.

Rollaug Irgens-Hagevik bur til dagleg på Os med mannen Paal og 3 born,  ho jobbar som lærar på ein barneskule på Os. Store delar av helger og feriar brukar Rollaug og familien hennar på Espevær. Om du ser ut stoveglaset i sør på Gamleposten, kan du sjå feriehuset deira på Espevær.

Torstein Hatlevik bur til dagleg på Tysnes saman med sine 2 born.  Han eig og driv Haaheim Gaard på Tysnes. Han er utdannet musiker fra RNCM i Manchester. Han er aktiv som fordragsholder og er mykje brukt kursholder om lokalmat og om kreativ næringsutvikling. Torstein sin store lidenskap er mat med lokal forankring. Han brenn for lokale råvarer med dei gode historiane. Torstein er ein av grunnleggerane i Chefsdinne Norge, og er med og held gjestebod med lokal råvarer omkring i landet.  

Hendingar i Gamleposten 5444

Opningstid

Med brask og bram opna gamleposten dørane for gjestebod 24 juni.

Me har ope i sommar slik;

Onsdag; 5-retters middag med Torstein

Fredag og laurdag 3, 5 eller     7- retters middag . 

Kjøkkenet er ope frå kl 17-23

Historisk vandring med chefsdinner

På onsdagane i sumar styrer Torstein sjølv kjøkkenet, då kan du oppleve ein 5 retters meny med Torstein i Gamleposten 5444. Ein kan og bestille historisk vandring med 5-retters meny. Menyen vil blir laga på lokale råvarer.

Gjest på Espevær

Me kan duka for gjestebod på historisk grunn i Gamleposten eller på Baadehuset.

Gamleposten skreddarsyr dine opplevingar og menyar saman med deg.

Historisk vandring med 5 retters middag i Gamleposten på onsdagar i sommarferien med Torstein Hatlevik.                                                                                                                                              

Nok 765,-/665,-

3-retters middag om kveld

5 -retters middag om kveld

7-retters middag om kveld


Nok  485-

Nok 665,-

Nok  795-

Dine opplevingar

Kontakt oss gjerne for eit tilbud for dine opplevingar!

Reserveringer: (+47) 90980814/ 41215175