opplev Espevær
Espevær har mange ting ein bør få med seg !

I 1848 var vårsildefisket på topp. Same år kjøpte Hans Jacob Baade Kjeholmene, og fylte ut mellom desse slik at det blei ein tørr holme. Her var 3 hus, eit mura eldhus, eit bakarhus og eit stort sjøhus med stover og saltbinge, og i andre høgda øverst oppe var det ganeloft med vindskur. Baade bygde snart eit fint og staseleg våningshus, vegg i vegg med bakarhuset på 17 ganger 15 alen. Kjellarmuren som er frå 1690, er 4 alen høg og 1,75 alen tjukk. I kjellaren finn ein avdelt spisskammers og kjøkken med gruve.

Andre høgda blei etterkvart innreidd med 5 rom og gang kledd med murstein og trekt med papir. Her var også 3 omnar. Over andre høgda er eit ope loft. Baade utvida sjøhuset med nye tillbygg. Han bygde også ei "øl-stove" med våning oppe og han hadde fjos til ei ku. I sjøhuset hadde han og saltebu, tønneverkstad og krambu.
Under vårsildefisket losjerte Baade fiskarar i Baadehuset, og for å få plass til mest mulig folk og tjena mest, kom han med staven sin og stakkmellom fiskarane for å sjå om dei kunne liggja tettare på golvet. Baadehuset var ein av dei første i landet som fekk fisketelegrafstasjon, for øvrig opna 28. desember 1857. Slik blei huset eit senter for dei store sildefiskeriene. Espevær fekk vanleg telegrafstasjon i 1890. I 1970 åra vart Baadehuset restaurert, med husmorlaget og Karin Tollevik som primus motor. Det vart då sett inn møblar i same stil som då Baade levde og det store restaureringsarbeidet blei avslutta i 1981.


Hummerparken på Espevær har stor historisk og arkitektonisk verdi. Det er eit flott og særmerkt bygverk, som riksantikvaren har rangert blant dei 20 mest verneverdige kulturminna i landet. Hummerparken er eit monument over ei viktig næring på kysten som på mange måtar har levd i skuggen av td. Sildefisket.

Heilt sidan 1600-talet var det eit stabilr og godt hummarfiske, og hummaren ver ein viktig eksportartikkel. Det var hollenderar som først kom med sine "hummarbussar"- brønnbåtar til Norge for å kjøpe hummer. Seinare kom engelskmennene, og overtok handelsrettane. Dei stengde av ein poll, og der gjekk hummaren fritt til båtane kom for å hente dei. På slutten av 1800-tallet tok nordmennene til å konkurrere med utlendingane.
Christian Bjelland AS, i Stavanger bygde hummerparken ved Svartesjøen på Espevær i 1890, og det er den som står framleis. Dei sperra av to sund, og sette tak over. Parken er nær 1000 kvadratmeter stor, og etter påbyggjinga i 1933, gjekk det ca. 24000 humrar der på ein gong. Dei bygde tak over for at hummaren skulle få jamn temperatur, heile året. Humrane gjekk der heilt til marknaden var gunstig, og prisane høge, gjerne mot jul og påske. Då kom store brønnbåtar til Espevær for å henta god mat til rike folk i utlandet. I midten av 50 åra vert det trappa ned på hummarfisket.
Hummaren er i dag freda mellom 1. desember og 31. september. Minste målet er 25 cm.

Det er to brukskunstgalleri som er ope om sumaren på Espevær. Eine ligg i det gamle postkontoret i Garden, det andre ligg nær Hummerparken.

Mange vil også bruke tid på å gå på tur rundt øya. Dei mange velhaldne hagar og hus er eit vakker skue.