unike opplevingar tufta på lokale råvarer, tradisjonar og den gode historien

Gamleposten 5444 

Øyfolket på Espevær har alltid stått saman, havet gir og havet tar!

Sjurina Mehus hadde trong for å forsørga familien sin og fekk postopneriet og medisinutsalet på Espevær i 1919. Seinare overtok sonen hennar Kristian drifta av posten. Borna på Espevær identifiserte Kristian med posten, så dei fleste av oss trudde namnet hans var Postian. Husa i garden har delt mange løyndomar og kunne fortalt mange historiar. Kristian var ein mann som heldt på løyndomar. Me veit det frå veggane som har kviskra det til oss. Om han visste om folk hadde det vanskeleg, la han til side rekningar og ordna dei frå si private lomme, han hadde stor omsut for alle kundane sine. Her i garden låg postkontoret først i hovedhuset, så i kårhuset fra 1947. I 1981 var det slutt på postdrift i garden, då  Espevær fekk nytt postkontor.  Mange har minner frå desse husa, det er hus som har tatt verden til Espevær med brev, aviser og pakkar. Me gler oss veldig til at øyfolket og tilreisande gjester igjen kan opna dørene til dei gamle husa. Her skal dei kjenne på tida som var, men også på tida som kjem. Gjennom gode smakar og godt selskap skal me løftast ut av kvardagen. Me gler oss til gjestebod! 

 

Husfolket i Gamleposten

Silje, Rollaug og Torstein er sysken og oppvaksne på Espevær. Heimplassen sin har dei alltid vore sterkt knytta til. Dei starta firmaet Gamleposten5444 hausten 2015,  og kjøpte det gamle tunet i Garden i november 2015. Her har dei i dag restaurert og bygd ut huset til ein restaurant med 90 spiseplasse og eigen bar i kjelleren. Gamleposten skal vera ein serveringsstad med kortreiste smakar og gode historiar. Visjonen er tufta på lokale tradisjonar og smakar, lokal historie og ekte matglede. Me gler oss til å ha dykk alle som gjester!

Søstrene Rollaug og Silje arbeidar til dagleg som lærarar på kvar sin barneskule. Rollaug er busett på Os, men brukar alle ledige stunder i feriehuset deira på Espevær. Silje er bur på Espevær. 

Torstein Hatlevik bur til dagleg på Tysnes, der han driv Haaheim Gaard. Han er utdannet musiker fra RNCM i Manchester. Han er aktiv som fordragsholder, og er mykje brukt som kurshalder om lokalmat og om kreativ næringsutvikling. Torstein sin store lidenskap er mat med lokal forankring. Han brenn for lokale råvarer med dei gode historiane. Torstein er ein av grunnleggerane i Chefsdinne Norge, og er med og held gjestebod med lokal råvarer omkring i landet.  

Hendingar i Gamleposten 5444

Opningstid

Sesongen til Gamleposten er i hovedsak påske og gjennom sommaren, men me har ope restaurant 1 gong pr. mnd gjennom heile året. 
Elles har me ope for grupper.

Gjest på Espevær

Me kan duka for gjestebod på historisk grunn i Gamleposten eller på Baadehuset.

Gamleposten skreddarsyr dine opplevingar og menyar saman med deg.

3-retters middag 

5 -retters middag

7-retters middag 


Nok  555-

Nok  710,-

Nok  795-

Dine opplevingar

Kontakt oss gjerne for eit tilbud for dine opplevingar!

  1. Reserveringer: (+47) 41 21 51 75 / 90 98 08 14
  2. Epost: gamleposten5444@haaheimgaard.no